Til fyret – ein tverrkunstnarisk konsert
Kva er eit fyr? Eit høgreist byggverk med mekaniske og elektroniske innretningar for å markere skipsleia for båtar som siglar i mørkret. Men dette vakre byggverket er også ein viktig identitetsmarkør for dei som bur i nærleiken. Fyret har dessutan ei sterk symbolsk kraft som heng saman både med estetikk, plassering og funksjon. Fyret representerer ei rekkje med kontrastar: mellom land og hav, lys og mørker, tryggleik og fare.
Denne fleirsidige symbolikken står i fokus for fire konsertar l løpet av 2025. Den første går av stabelen under Kystkulturdagen på Ona 3. mai, dei to neste skjer siste helga i mai, på Alnes fyr og opplevelsessenter (laurdag) og på Runde miljøsenter (søndag). Den fjerde konserten er lagd til Dalsfjord fyrmuseum i september.
Utøvarane er Geir Hjorthol (trompet, elektronikk), Robert Løkketangen (gitarar, elektronikk) og Andreas Barth (trommer, perkusjon). Dette er musikarar med mange års erfaring med komponert og improvisert musikk, dels i samarbeid med kvarandre, dels i andre konstellasjonar. Musikken er har eit sterkt innslag av improvisasjon, med element frå jazz, folkemusikk og samtidsmusikk.
Samtidig er trioen open for å samarbeide med utøvarar innanfor andre uttrykksformer, som når dei i dette prosjektet går i kompaniskap med forfattar Kirsti Mathilde Thorheim og naturfotograf Gunnar Wangen. Resultatet er ei tverrkunstnarisk framsyning der musikk, bilde og tekst smeltar saman til ei heilskapleg form, med fyret som gjennomgangsmotiv.