Tilbake til alle arrangementer

Konsert med Stig Ulv

16.januar gir Stig Ulv ut boka " Toneljomen" der han har samla tekstar og bilete ifrå platene " Tonen ifrå barndomen " og "Ljomen av Ørsta-fjella "

Plata "Tonen ifrå barndomen " vart gitt ut i august 2024,mens "Ljomen av Ørsta-fjella "kjem 16.januar. Så her blir det eit dobbelt-slepp med både bok og plate.

Ein konsert med Stig Ulv inneheld musikk, tekst og bilete. I denne boka har han også innhenta bilete ifrå andre fotografar, så her blir det spektakulære bilete ifrå fjella i Ørsta.

"Ljomen av Ørsta-fjella "vart spelt inn live med publikum i salen i oktober 2024.

Sagt av ein publikummar etter liveinnspeling : Stig Ulv er ein glimrande strengeleikar. Han spelar vakkert, han har eit godt musikalsk uttrykk og han er berre oppteken av formidling. Det er godt å høyre på , og det gjer noko godt for oss som vil høyre. Ørstafjella kjennest noko meir oppnåelege no, tryggare og meir oppnåelege for Stig-og oss andre som har sett dei nedanfrå.

01.februar 2025

kl 18:00

Sikre deg billett her: https://tikkio.com/tickets/52776-konsert-med-stig-ulv

Hør han på Spotify her: https://open.spotify.com/artist/5FxlthZlUPo9G8wEo3Wubc?si=cG_XOCPSTQCJoGDjowwF2w

Velkommen!

Forrige
Forrige
9. januar

Typisk Potetball Torsdag

Neste
Neste
14. februar

SPOR - En studentutstilling fra Ytre Kunstfagskole